Havyard samlar forsking og utvikling

Havyard Group samlar forskings- og utviklingsarbeidet. Kristian Steinsvik skal styre nysatsinga.

Kristian Steinsvik tar roret i den nye FoU-satsingen i Havyard.  Foto: Havyard

Næringsliv

Særleg ser dei ei framtid på innan oppdrett, vindkraft og isbryting. Medan konsernet kuttar kostnader på fleire felt, forsøker konsernsjefen å skjerme forsking og utvikling.

– Vi kan ikkje kutte av det vi skal leve av i framtida, seier konsernsjef Geir Johan Bakke til smp.no.

Konsernert satsar vidare både på skipsdesign, skipsbygging, framdriftssystem for båtar og på utstyr til fiskefartøy og brønnbåtar. Forskings- og utviklingsarbeidet i dei ulike forretningsområda skal no samarbeide tettare. Kristian Steinsvik tar roret i nysatsinga.

Samarbeider internt

– I dagens marknadssituasjon er der truslar, men også mulegheiter. Vi samlar no utviklingsarbeidet i éi gruppe, og får frigjort ressursar til innovasjon og nytenking, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i ei pressemelding.

Bakke seier han er overbevist om at Steinsvik med sin kompetanse og veremåte, som både er samlande og motiverande, er den rette til jobben.

Kristian Steinsvik har jobba som forskar ved Martintek Sintef og som ingeniør i Det Norske Veritas. Etter seks år i Havyard-konsernet får han no den ansvarsfulle jobben å leie det samla forskings- og utviklingsarbeidet.

– Vi driv allereie med mykje utviklingsarbeid i det daglege arbeidet, men no skal vi samle utviklarane i ei felles gruppe slik at vi både får tenke tverrfagleg og meir langsiktig. I gruppa får vi nyte godt av kvarandre sin kunnskap og idear, seier Steinsvik.


Maritim gladmelding:

Millionkontrakt til MMC

Havyard MMC har solgt RSW-anlegg nummer 200 til brønnbåtrederiet  Norsk Fisketransport. Og nå må de øke staben.



Havyard skal bygge brønnbåt

Havyard har inngått kontrakt med Norsk Fisketransport AS (NFT) om bygging av ytterlegare ein Havyard 587 brønnbåt.



Havyard designer ny type vindmølleskip

– Havyard 831 SOV er utvikla for å dekke ei ny nisje, opplyser Havyard Design & Solutions i Fosnavåg.



Treng meir å gjere - får mindre

Havyard Group har alt sagt opp ei rekke tilsette, og treng ordrar for å halde folk i jobb. No melder selskapet at leveringa av eit plattform forsyningsskip er utsett med vel eit år.



Havyard døypte isbrytar i Bergen

Den russiske isbrytaren skal operere i nokre av dei tøffaste forholda som er.