Den 84 meter lange brønnbåten frå Havyard-konsernet vart døypt laurdag.

Båten er ein kopi av «Havtrans», som same selskap kjøpte av Havyard i 2014. Og båt nummer tre av same sorten vart nyleg bestilt.

– Betre for laksen

Desse brønnbåtane har runde tankar. Fisken kan symje i ring slik dei har gjort i merdane, og det stressar fisken mindre, ifølgje selskapet.

Lastekapasiteten er på 3.250 kubikkmeter, noko som tilsvarar 640 tonn levande fisk.

Konsern

«Namsos» er bygg nr 124 frå Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn.

– Vi har designa og utvikla, vi har utrusta og fylt båten med utstyr, og vi har drege nytte av alle forretningsområda våre i eit samspel som har enda med ein brønnbåt som er verdsleiande, seier konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke i ei pressemelding.