Med låg oljepris er tidene tøffe for utstyrsleverandørane til offshorenæringa.

- Då er det ekstra gledeleg at Mare Safety frå Ulsteinvik i førre veke signerte tidenes kontrakt, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Kontrakta er med Kleven om levering av bysser og redningsbåtar til Kleven Verft og Myklebust Verft.

– I disse tider betyr ei slik kontrakt veldig mykje, spesielt for grunnlaget til vidare drift. Vi ser på dette som ei stadfesting på at vi har jobba bra desse to åra, og at vi nå kan sjå framover, fortel Reidar Vågeskar, dagleg leder i Mare Safety.

Mare Safety skal i perioden 2016 og 2017 levere heile 14 bysser og fire redningsbåtar fordelt på Kleven Verft i Ulsteinvik og Myklebust Verft i Gursken. Dette er den største ordren i selskapet si 15 år lange historie, ifølgje Mare Safety.