Rolls-Royce Marine skal selje den såkalla «gullblokka» - administrasjonsbygget i sentrum av Ulsteinvik. Dei drygt 100 tilsette som har kontorplass i bygget i dag, skal flyttast til Hjørungavåg i Hareid, skriv Vikebladet torsdag.

Rolls-Royce har tidlegare annonsert at bygget i Ulsteinvik skal seljast, men har enno ikkje fått nokon kjøpar på kroken.

– Alle våre tilsette er godt informerte om dette. Det einaste no er at vi ikkje veit akkurat når flyttinga blir gjort. Vi er avhengige av at kontorbygget i Hjørungavåg blir klart, seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk til avisa.

Selskapet har leigeavtale i Hjørungavåg til mars 2019. Dei tilsette skal etter planen få nye kontorplassar seinast når avtalen går ut.