- Vik Ørsta opplever stor etterspurnad etter våre bergsikringsprodukt og spesielt for CT-Bolt. Gjennom samarbeid med Galvano Tia i Fauske sikrar vi først og fremst gode leveransar til kundane og prosjekta i Nord-Norge. I tillegg aukar vi den totale produksjonskapasiteten, Kjell Sætrevik i Vik Ørsta.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

Ifølge produsenten er bolten spesielt utvikla for rask og sikker montering. Den har lang levetid og passar til montering i våte miljø. Eit døme er i undersjøiske tunnelar.

Raskare levering

Galvano Tia er det einaste varmforsinkingsanlegget nord for Trondheim. Dei skal produsere ein del av komponentane sjølv, og varmforsinke, lakkere og montere. Vik Ørsta har hovudproduksjon av boltar i Ørsta.

Dei to bedriftene er samde om å utvikle samarbeidet også for andre produkt.

Få med deg det siste om jobb og næringsliv på Nordvestlandet. Følg smp-jobb på Facebook!