Slettvoll Møbler i Stranda er kåra til vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2015 av regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal.

– Slettvoll satsar på design og på eigne studio. Dei har produksjonen heime i Stranda og har lukkast med kostbare kvalitetsprodukt i ein marknad med sterk konkurranse frå lågpriskjedene, seier leiar av regional- og næringsutvalet Runar Vestheim i ei pressemelding.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Hovudkontoret og fabrikken ligg på Stranda og dei 19 butikkane er spreidd utover Noreg og Sverige.

– Slettvoll Møbler er ein av landets største og viktigaste møbel- og interiørkjeder, heiter det vidare.

Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg på ein eller fleire måtar. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Det er hard konkurranse om Fylkesprisen Årets bedrift. I år kom inn i alt 37 forslag fordelt på 31 bedrifter. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.