Grøne sertifikat og lettare tilgang til høgspentnettet er berre noko av det han har fått gjennomslag for, heiter det i grunngjevinga.

- Under Ryslett si leiing har Småkraftforeininga fått gjennomslag i ei imponerande rekke næringspolitiske saker. Han har også vore ein forkjempar for lokal verdiskapning og grunneigar-eigde kraftverk, skriv Bjørn Lauritzen, styreleiar i Småkraftforeininga, i ei pressemelding.

Trond Ryslett blei tildelt Småkraftprisen 2016 under festmiddagen på Småkraftdagene. Foto: Pressefoto

Ryslett har også bygd fem kraftverk saman med 30 familiar. Fram til no har kraftverka generert over 40 mill. kr i utbytte til eigarane. Han bygde sitt første kraftverk så tidleg som i 1998. I seks år var han styreleiar i Småkraftforeninga.