Havyard mista kontrakt verd 700 millionar kroner

Havyard Ship Technology har fått kansellert ein kontrakt om bygging av eit subseaskip til 700 millionar kroner.

Nytt subseaskip-design Havyard 858 L WE er designa for å tilfredsstille framtidige krav til operasjonar på havets botn. ILLUSTRASJON: Gunnar Flusund  

Næringsliv

Ifølgje ei børsmelding er Havyard Ship Technology blitt einig med ein internasjonal kunde om å kansellere ein tidlegare inngått kontrakt.

Dette gjeld eit nybygg ein internasjonal kunde bestilte i juli 2015.

Utsett tidlegare

Allereie i oktober i fjor kunngjorde Havyard at det ville bli utsett levering av Havyard 858 L WE subsea skip, bygg nummer 123.

På bakgrunn av den vedvarande utfordringa i offshoremarknaden internasjonalt har Havyard Ship Technology AS og kunden no inngått avtale om å kansellere kontrakten.

Skipet skulle byggjast ved Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn.

Får kompenasjon

Avtalen som no er inngått inneber betaling av ein nærare angitt kompensasjon til Havyard, heiter det i børsmeldinga.

Då kontrakten blei offentlegjort 1. juli 2015 var planen at skipet skulle leverast i andre kvartal 2017.

Deretter blei levering utsett til andre kvartal 2018, men no er altså heile kontrakten kansellert.

Selskapet melder at kanselleringa ikkje vil ha noko å seie for likviditet og forteneste for rekneskapsåret 2016.

Kanselleringa vil derimot føre til eit mindre marginbortfall i Havyard Design & Solutions AS for 2016.