Det er PSV-ane Island Dragon og Island Duchess som no går i bøyene. Reiarlaget med hovudkontor i Ulsteinvik har no til saman åtte fartøy i opplag.

– Island Dragon har vore på kontrakt med Lundin Norway sidan den vart levert sommaren 2014, og vert no erstatta av Island Commander. Grunnen for byte er eit ynskje frå oljeselskapet om ein båt med mellom anna større dekksareal, opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Administrerande direktør Håvard Ulstein peiker på at spotmarknaden framleis er dårleg, og at reiarlaget ikkje kan forsvare framleis drift av Island Dragon der. Island Duchess har i ei tid vore i Las Palmas, tilgjengeleg for oppdrag utanfor Afrika. Mangelen på oppdrag også her har gjort at Island Offshore har bestemt seg for å ta Island Duchess av marknaden.

– Vi har starta prosessen med dei tillitsvalde for å bli samde om gjennomføring av bemanningsreduksjonar, heiter det vidare.