Havila Holding:

Sævik må betale tilbake lån på 410 millionar

Herøy-reiaren seier dei var budd på situasjonen.

Betalar Njål Sævik (t.v) leiar reiarlaget Havila Shipping, medan faren Per Sævik leiar morselskapet Havila Holding. Arkivbilde  Foto: Knut Arne Aarset

Næringsliv

Sævik-familien sitt selskap Havila Holding må betale ned eit lån på 410 millionar kronar eitt år før tida, skriv Nett.no.

Årsaka er at ei gruppe långivarar meiner selskapet ikkje lengre oppfyller vilkåra for obligasjonslånet på grunn av den vanskelege situasjonen reiarlaget til Sævik-familien, Havila Offshore, er oppe i. I staden for å vente til forfall i 2017, vert lånet betalt i løpet av kort tid.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Dagleg leiar Per Sævik i morselskapet seier dei har vore budd på ein slik situasjon: – Vi har seld ein del assets, seier Sævik om korleis dei skal betale, i tillegg til at dei vil nytte midlar frå Havila Holding.

Reiarlaget Havila Shipping er framleis i gjeldsforhandlingar, og har inntil vidare stansa betaling til kreditorar.


Herøy-rederi gjør milliard-nedskrivinger og fortsetter gjeldsforhandlinger:

– Tror vi skal komme i mål

Styret i Havila har bestemt at selskapet skal drives videre - og gjør samtidig nedskrivninger på nær 1,4 milliarder i regnskapet. – Vi er ikke i mål med en totalløsning, men tror vi skal komme i mål, sier adm. dir. Njål Sævik etter onsdagens styremøte.

 

Styremøte på Mjølstadneset

Havila har fått ryddegutt

Bankene som har penger til gode i Havila Shipping har engasjert en erfaren ryddegutt for å greie opp i gjeldsfloka.