Den knappe 100 meter lange og 33 meter breie hallen i sjøkanten er det nye landemerket på Vartdal.

Inne er det digre kar – det største med ein diameter på 28 meter. Desse skal om ikkje så lenge fyllast med laksesmolt som skal vekse seg store i trygge og kontrollerte omgjevnader.

Halve livet på land

– Vi skal halde fisken på land rundt fem månader lengre enn det vi har gjort før. Det betyr fem månader mindre risikotid for sjukdomspress og lus, forklarer produksjonsleiar Per Arne Dahle.

Dermed kjem laksen til å leve over halve livet på land, i første omgang til den er 700-800 gram. Sjøfasen vert redusert til 7-9 månader.

Det betyr også betre utnytting av konsesjonane, som er avgrensa ut frå biomassen i sjøen.

– Vi håper å kunne auke produksjonen med 30-40 prosent. Vi reknar også med å redusere svinnet, sidan vi får sette ut ein større og kraftigare fisk, seier dagleg leiar Ottar Vartdal.

Nyvinning

Oppdrettsgründeren har alltid likt å ligge i forkant av utviklinga. Det gjer han no også. Etter at Fiskeridepartementet opna for å ha større settefisk på land, har fleire oppdrettsselskap bygd anlegg med plass til større fisk. Men Vartdalgruppa skal ha fisken lengre på land enn dei fleste andre, og dei bruker ny teknologi i påvekstanlegget.

– Vi har eit gjennomstrøymingsanlegg, ikkje resirkuleringsanlegg. Og vi har tre ulike vasskjelder, ei med ferskvatn, ei med saltvatn frå sjøen som vert uv-behandla, og ei med saltvatn som er henta opp frå grunnen under sjøbotnen, forklarer Per Arne Dahle.

Størstedelen av vatnet vert gjenbrukt ved å fjerne karbondioksid og å tilsette oksygen. Avfallsprodukt vert fjerna slik at det ikkje vert utslepp av anna enn reint vatn. Investeringa på heile anlegget er «ein del titals millionar kroner».

– Vi har kome godt frå det sidan vi har utnytta vårt gamle stamfiskanlegg, og fordi vi har hatt stor smoltkapasitet frå før. Vi føler oss sikre på at vi har gjort det rette, seier Ottar Vartdal om satsinga.

Småoppdrettar

Vartdalgruppa Fiskeoppdrett har fire laksekonsesjonar, og er ein av dei siste småoppdrettarane i landet. I fjor produserte selskapet 5.500 tonn laks. Holdingselskapet Vartdal Invest fekk eit driftsresultat på 31,5 millionar, og ein omsetnad på 119 millionar.

– Resultatet er OK, men kunne vore betre. For vi måtte utsette tre veker med planlagt slakting frå hausten til etter nyttår, seier Ottar Vartdal.

130.000 settefisk er alt på plass i eitt av kara, men det vert plass til mange fleire når anlegget er ferdig. Frå venstre: Økonomisjef Hans Olav Øyehaug, Per Arne Dahle og Ottar Vartdal. Foto: Svein Aam
Den nye hallen er nesten 100 meter lang. Foto: Svein Aam