E6 Sunnmøre - Oslo:

Stadig kortare til Oslo

Unngå 50-sona på Kvam og Vinstra. I år blir køyretida på E6 i Gudbrandsdalen innkorta med nesten eit kvarter.

Nye E6 E6 skal her krysse Gudbrandsdalslågen over Kvam bru, og gå vidare i den 3,7 km lange Teigkamptunnelen. Ørsta-firmaet K.A. Aurstad bygger vegen mellom Sjoa og Vinstra.  Foto: Roar Holten, Statens vegvesen

Næringsliv

Tettstader som Kvam og Vinstra er snart historie for bilistar på gjennomfart. Før året er omme kan du suse over til andre sida av Gudbrandsdalslågen, ta ein snarveg gjennom fjellet og følgje elva på vestsida i 90 kilometer i timen.