Nordic Wildfish – tidlegare Roaldnes AS – vil utnytte alt restråstoff frå villfisken til å produsere verdifull protein og olje. Med det første set reiarlaget på Valderøya frysetrålaren «Molnes» i kommersiell drift etter ei omfattande ombygging ved Vard Søviknes. Torsdag vart prosjektet presentert for interesserte folk frå fiskerinæringa, forskingssektoren og støttemiddelapparatet.

– Dette er eit banebrytande prosjekt som tar i bruk ny teknologi som er utvikla i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljøet og næringa, sa forskingssjef Hanne Digre ved SINTEF Fiskeri og havbruk under presentasjonen i Vard sine nye lokale i Ålesund.

Det siste innan handtering av fisk

Om bord i  «Molnes» er det siste innan handtering av fisk. Det vil mellom anna seie utstyr som bedøver fisken elektronisk, utvikla av SeaSide i Stranda. Saman med korttids levandelagring og robotisert bløgging skal kvaliteten på fangsten optimaliserast, etter mønster frå slakting av laks. Dessutan har «Molnes» ny hydrolyseteknologi for  å vidareforeldre restråstoffet.

– Snart vil restråstoffet kunne konkurrere med hovudproduktet djupfryst fersk fisk i verdi, skriv selskapet i ei pressemelding.

I dag vert berre ein tredel av restråstoffet, det vil seie fiskeslog, bein og avskjer tatt vare på i trålarflåten.

– Vi haustar fisk av bærekraftige naturbestander i dei nordlege havområda, og satsar stort på å bevare fisken sin opphavlege kvalitet frå den vert  hala om bord i båten, til den ligg på fatet til forbrukaren. Men det ligg truleg eit endå større verdiskapingspotensial i å utnytte restråstoffet, seier Tore Roaldsnes, dagleg leiar i Nordic Wildfish.

Fekk ikkje start på motoren

Ombygginga av «Molnes» har kosta rundt 100 millionar kroner, og prosjektet har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.

– Vi treng slike føregangsbedrifter som Nordic Wildfish for å bring næringa vidare, sa region direktør Bodil Hollingsæter i Innovasjon Norge , då prosjektet var sjøsett.

Sjølve hovudattraksjonen, tråleren «Molnes», ligg framleis ved  Vard Søviknes. Det var meininga den skulle kome til Ålesund i dag, men det skar seg.

– Vi fekk ikkje start på motoren, men det vil nok heilt sikkert ordne seg etter kvart, seier Tore Roaldsnes.