Med knappast muleg margin gjekk dei Stressless-tilsette glipp av bonus i 2015 –  ifølgje den foreløpige årsrekneskapen. Eit resultat på 9,9 prosent av driftsinntektene er akkurat under grensa på 10 prosent.

Men i den endelege rekneskapen som blir lagt fram for generalforsamlinga bikkar marginen over 10,0 prosent. Det melder Ekornes-konsernet i ei børsmelding måndag morgon.

Dermed kan dei tilsette gle seg over ei ekstra utbetaling. Styret har sett av 10 millionar kroner i bonus til dei som jobbar med Stressless-produkta.

Nytt system

Avviket var forårsaka av ein feil som oppstod med overgang til nytt ERP-system, skriv Ekornes-konsernet i børsmeldinga.

I den endelege rekneskapen er både inntekter og utgifter rett og slett justert ned med 176 millionar kroner.

Lang rekke

– Bonusen utgjer 21 prosent av ei månadsløn. Men det er ikkje berre pengane, det viser også at vi har oppnådd eit resultat, seier hovudtillitsvalt Edvard Lie til smp.no.

Så langt Lie kjenner til har dei Stressless-tilsette fått bonus kvart år sidan 1997.

Aksjeutbytte

Styret i Ekornes foreslår også eit utbytte på 4,00 kroner per aksje for rekneskapsåret 2015.

Dette gir ei utbyttebetaling på 147 millionar kroner til aksjonærane.

IMG drog konsernet opp

Driftsresultat for heile Ekornes-konsernet etter avsetning for bonus enda på 301 millionar kroner i fjor.

Omsetninga var rundt 3,3 milliardar kroner i 2015 – samanlikna med ei omsetning på 2,8 milliardar og eit driftsresultat på 266 millionar i 2014. Utan oppkjøpet av IMG mot slutten av 2014 hadde det vore eit fallande driftsresultat for konsernet i fjor.