Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner Konkurransetilsynet ikkje må godkjenne Fjord1-salet. Dette kom ifølgje avisa Fjordingen fram på NTP-konferansen på Skei sist veke.

Gustavsen poengterte at landet i dag har fire ferjeselskap. Om Fjord1 blir seld, er ein nede i tre. Dette meiner han vil gi konsekvensar for pris på tenestene både for kjøparar og brukarar.

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane avgjorde før jul i fjor at dei ønskjer å selje sin aksjepost til Torghatten. Mindretalseigar Havila med hovudkontor i Herøy har vore sterkt i mot eit slikt sal, og varsla rettssak.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no