Ulstein lanserer eit nytt design for eit kabelleggingsskip samtidig som dei deltek på  Offshore Technology Conference (OTC) i Houston.

Systemet er kalla «Ulstein Cable Arch» og noko av det særeigne med løysinga er at fremre og bakre kabeltrommel er bundne saman. Det gjer at det er muleg å legge 12,500 tonn med kabel samanhengande, opplyser konsernet i ei pressemelding.

– Med dette designet ønskjer vi å flytte kabelleggingsmarknaden opp til neste nivå, seier product management-leiar Edwin van Leeuwen i Ulstein Design & Solutions og seier dei på dette viset har forbetra både sjøeigenskapar og drivstofføkonomien.

Kabeltromlane er senka ned i skroget i staden for den vanlege plasseringa oppe på dekk. Dette er ein funksjon som allereie er teke i brukt på eit steininstallasjonsfartøy under bygging.

Løysinga med ei asymmetrisk bru akterut der kabelen passerer under, skal gi betre utsyn og oversikt. Skipet har også ein stor hangar med plass til undervassfarkostar og lagring av arbeidsbåt.