Ulstein-gruppa kunne onsdag ønskje velkomen skroget til skip nummer 100 med X-Bow-design.

Tidleg onsdag kveld runda slepet øya Runde på Sunnmøre, og sette kursen inn mot Ulstein verft. Der skal skipet bli utrusta dei neste månadene.

Første til vindkraft-service

Reiarlaget Bernhard Schulte tinga to skip som i januar 2015 blei feira som nummer 99 og 100 i rekkja av skip med den bakoverlente baugdesignen. Dei aller fleste av desse er skip som jobbar i offshoremarknaden.

Det første av skipa det tyske gigantreiarlaget skal nytte til service innan offshore vindkraft, blei sjøsett i førre veke. No er det altså søsterskipet som står for tur. Fartøya er dei første Ulstein skal levere til marknaden for fornybar energi.

Les også:Feira X-Bow nummer 100Historisk sjøsetting ved Ulstein verft

Spiss hekk

Skipa er også spesielle for Ulstein-verftet på anna vis, ettersom dei er først ut med den spesielle hekkdesignen - X-Stern - med linjer tilsvarande den populære baugløysinga, med spiss form akterut.

Begge løysingane er laga for å betre sjøeigenskapane og for å gjere det lettare å ligge roleg i sjøen medan ein utførar ulike operasjonar.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Opphavsmannen Sjefdesigner Øyvind Gjerde Kamsvåg ved Ulstein-gruppen då han presenterte hekkdesignen X-Stern. Kamsvåg er også opphavsmannen til X-Bow-en. Foto: Johan Behrentz

Kjem på 100-kroneseddel

X-Bow-en blei lansert i 2005, og det første skipet med baugforma blei offshoreskipet Bourbon Orca.

Løysinga er utvikla av Ulstein Design & Solutions og noverande sjefdesignar i selskapet, Øyvind Kamsvåg, er opphavsmannen til ideen som mellom anna blei kåra til årets ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005.

Les også:Bourbon Orca-mannskapet: Med plikt til å hjelpeSjå korleis sjøfolkene tek seg av flyktningane

Ulstein-design i alles baklommer

Ulstein-konsernet har som dei fleste andre skipsbyggjarar her til lands, slitt tungt på oljenedturen. Neste år kan dei likevel feire at det er 100 år sidan oppstarten av Ulstein Mekaniske Verksted som danna grunnlaget for det familieeigde konsernet.

Same år kjem Norges Bank med ein ny 100-kroneseddel med bilde av eit vikingskip - og X-Bow-en i bakgrunnen.