Satt av sju dagar til Fjord1-rettssak

Møtast til sjøslag i strid om aksjesal.

Fjord1-ferja Hjørundfjord på Hjørundfjorden. Havilafjord-eigar Per Sævik (innfelt). Seinast 12. mai skal også Konkurransetilsynet seie si meining om saka.  Foto: Knut Arne Aarset

Næringsliv

30. august møtast Havilafjord og fylkeskommunen i Fjordane tingrett til sjøslag om Fjord1-salet. Til saman sju dagar er sett av til saka mellom Sævik-selskapet og Sogn og Fjordane fylkeskommune, skriv Nett.no.

Striden dreier seg om Havilafjord hadde forkjøpsrett på aksjane som fylkespolitikarane bestemte seg for å selje til konkurrenten Torghatten.

Saka er omtala som ei prinsipiell avgjerd, og kan difor gå heilt til Høgsterett. Om retten seier ja til at Havilafjord hadde forkjøpsrett, vil Herøy-selskapet krevje at fylket sel aksjeposten til dei. Det vil gjere Havilafjord til eineeigar i trafikkselskapet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no


Vegdirektøren med raudt lys for Fjord1-sal

Fryktar det blir færre ferjeselskap

 

Helgapraten:

– Dei som trur vi er ferdig med den ureinande oljen, vil bomme med minst 50 år

Per Sævik (75) er glad han ikkje berre har pengar som verdimål i livet, midt i børsraset der 1,5 milliardar kroner er forsvunne.