DnB vil slå saman tre Herøy-reiarlag

DnB vil ha eit Fosnavaag Offshore av selskapa Havila Shipping, Olympic Shipping og Rem Offshore

Reiartoppar F.v. Stig Remøy, Åge Remøy og Per Sævik.  

Næringsliv

Det melder Nett.no. Etter det næringslivsavisa kjenner til har det vore fleire møter mellom banken og leiingane i dei tre reiarlaget med hovudkontor i Herøy.

Ordknappe

Ingen av dei vil fortelje om innhaldet på møta, men stadfestar at dei har funne stad.

Styreleiar Per Sævik i Havila Shipping stadfestar at struktur har vore tema på møta, og styreleiar Åge Remøy i Rem Shipping meiner det er naturleg at banken pressar på i denne retninga.

Olympic-direktør Stig Remøy er skeptisk til ei slik løysing: – Flåtesamansetninga i selskapa er viktigare for ei strukturering enn den geografiske plasseringa, seier han til nettstaden.

Les også:
Slik blir sunnmørs-rederier vurdert
Kan gå tomme for penger i løpet av året

Kommentar: Rakner det for Sunnmøre?

Skal vere interesse

Etter det Nett.no kjenner til er det «frå fleire hald interesse for å diskutere strukturelle grep».

Men reiarlaga skal ønskje å først komme i hamn med gjeldsforhandlingar og eventuelt gjere endringa i eigne selskap - før ein går for større løysingar.

Reiarlaga har til saman 70 offshoreskip og hardt råka av oljenedturen. Alle dei tre selskapa er i gjeldsforhandlinger. Gjelda i dei tre Herøy-selskapa er på meir enn 15 milliardar kroner.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no


Rakner det for Sunnmøre?

Tusenvis av arbeidsplasser, den maritime klyngen og privat kapital til å bli med på det grønne skiftet. Det ligger i potten når offshore supply rederiene vakler.

 

Opplag Reiarlaga på Sunnmøre har mange skip i opplag som ei følgje av oljenedturen.  

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Næringsliv