I fjor hadde Havyard Group eit driftsunderskot på minus 60 millionar kroner. Etter finansutgifter og skatt var underskotet heile 108 millionar kroner, viser rekneskapen til konsernet.

No har det snudd, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i ei pressemelding.

Driftsresultat for konsernet vart 18,7 mill. i årets første kvartal, av ei omsetning på 460 millionar.

Les heile meldinga frå Oslo Børs her

– Etter ferdigstilling av fleire kostbare prototypeprosjekt, vesentlege kostnadskutt og omstruktureringar ser vi no at trenden er snudd, seier konsernsjef Bakke i pressemeldinga.

– Vi ser ei positiv utvikling i fleire av våre prosjekt, spesielt i forretningsområdet Havyard Ship Technology (verftet), der vi i 2015 hadde dei største utfordringane, skriv Bakke vidare.

Verftet har tre leveransar i 2016: Eitt vindmølle-support skip til Esvagt for levering i august og to isbrytarar til russiske Femco for levering i oktober.

Nye marknader

Konsernet har dei siste åra utvikla produkt og tenester for nye marknader, som vindmølle-service, fiskeri, isbrytarar og oppdrett.

– Dette viser seg å vere ei rett avgjerd sjølv om investering i nye produkt har prega resultatet dei siste to åra, då vi opplever god marknadsaktivitet i desse segmenta, skriv konsernsjefen, som forventar at den positive utviklinga held fram for 2016.