Rekordskipet frå Kleven er levert

Offshoreskipet Edda Freya er spesielt på fleire vis - og om bord er ei nyvinning ein håper kan varsle om farlege bølgjer på førehand.

Næringsliv

Konstruksjonsfartøyet Edda Freya er levert til reiarlaget Østensjø i Haugesund. Skipet som er det lengste offshoreskipet Kleven nokon gong har bygd, segla frå verftet for godt torsdag. 

Skipet er knappe 150 meter langt og har eit dekksareal på heile 2.300 kvadratmeter. Det er lugarkapasitet til 140 personar.

Verdien på kontrakta då den blei inngått, var opplyst å være 1,4 milliardar - den største for både verft og reiarlag.

Reiarlaget har ein langtidskontrakt på fem år med operatøren Deep Ocean. I fjor blei det kjent at skipet i første omgang skal ut i arbeid for Statoil. I april annonserte Deep Ocean også ein kontrakt for fartøyet med Repsol på Varg-feltet.

Lengste fartøy frå Kleven Verft

Gigantskipet «Edda Freya» døypt

«Edda Freya» er den største enkeltkontrakten for Kleven nokon gong.


Toppsjefen om bord

Om bord i skipet som sette kursen sørover frå Ulsteinvik torsdag var mellom anna administrerande direktør i Østensjø, Kenneth Walland.

– Det er spennande å kome på sjøen med eit nytt og stort flott skip, seier Walland til smp.no.

Sjå video frå bygging og sjøsetting av skipet frå Kleven sin Youtube-kanal til høgre (under om du leser på mobil)

Skipet er omtala som eit av verdas største og mest avanserte konstruksjonsfartøy. Stor kapasitet for legging av fleksible rør er mellom nyvinningane om bord.

Testskip for kranprosjekt

Mest merksemd har skipet fått for ein såkalla bølgjekompensert kran som kan løfte opptil 610 tonn. Edda Freya er nemleg testskip for eit prosjekt som skal gjere kranoperasjonar tryggare og samstundes auke tida ein kan drive med slikt arbeid.

– For dette skipet har vi eit samarbeidsprosjekt i gang for å utvikle betre verktøy for å planlegge kranoperasjonar. I tillegg til støtte frå industrielle partnarar, har programmet støtte frå Norsk forskingsråd. Mellom anna er ei målsetting å betre kunne varsle kraftige bølgjebevegelsar, seier Walland.

Prosjektet inngår i Forskingsrådet sitt Maroff-program. I tillegg til operatøren av skipet Deep Ocean, er desse med: Uni Research Polytec, Massachusetts Institute of Technology i USA (MIT), SINTEF IKT, SINTEF-eide Marintek og designselskapet bak skipet  Salt Ship Design.

Les meir om prosjektet her (ekstern lenke)