– Dette er dei to første vindpark-skipa der Rolls-Royce også leverer design. Så dette er ein viktig kontrakt for oss, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til Sunnmørsposten.

Kvar båt har ein kontraktsverdi på i underkant av 100 millionar kroner for Rolls-Royce, ifølgje Wollebæk.

– Når vindparkanlegga no går offshore, trengst det større vindparkfartøy også, seier ho.

Fartøya er spesialutvikla til bruk i offshore vindproduksjon i grunnare farvatn.

Vedlikehald av vindparkar

Begge vindparkskipa skal leverast til Østensjø Rederi. Rolls-Royce har no signert kontrakt med verftet, Astilleros Gondan i Spania. Den første kontrakten vart annonsert i oktober 2015. Begge fartøya skal operere som base for mannskapet som skal drive vedlikehald på vindturbinar.

I tillegg til design skal Rolls-Royce også levere hovudpropellar (azimut-trustarar), stillegåande sidepropellar (tunnel-thrustarar), DP2 dynamisk posisjonering, elektrosystem, dekksmaskineri og den nyaste generasjonen av Acon automasjons- og kontrollsystem, opplyser Rolls-Royce.

Ein landgang som kompenserer sjøens rørsler skal sikre ein trygg veg mellom fartøy og jobb. Underleverandør for Rolls-Royce er Ålesund-bedrifta Uptime International.

I Nordsjøen

Det første fartøyet skal i oppdrag i vindparken Race Bank, medan det andre skal jobbe i vindparken Hornsea Project One, begge i Nordsjøen utanfor kysten av Storbritannia. Operatør er danske DONG Energy.