– Dette var synd. Vi kom ti dagar for seint. Når dei alt var begynt å kappe båten og hive ut inventaret, var det for seint, konstaterer Tor Arne Leine.

Engasjert Tor Arne Leine er båtinteressert og oppteken av å ta vare på historia om "Rig Pilot". No vil han prøve å få tak i originale gjenstandar frå båten som blei bygd i Fosnavåg og no blir skrota i Kina. Foto: Privat

Han har som privatperson engasjert seg i å spore opp «Rig Pilot», med tanke på å ta vare på fartøyet. Skipet representerer starten på ei lang portefølje av ulike offshoreskip, levert frå norske verft.

Lokalt utstyr

«Rig Pilot» er det første offshoreskipet som er bygd i Norge for eit norsk reiarlag. Båten blei bygd ved Voldnes skipsverft i Fosnavåg.

– Det er heilt klart ein spesiell båt. Fram til denne båten blei bygd, var det utanlandske båtar som blei brukt i Nordsjøen, seier Leine.

Han trekkjer også fram at utstyret er lokalprodusert. Båten har framleis original ankerhandteringsvinsj, produsert av IP Huse på Harøya.

– Som den milepælen skipet representerer, kva er meir naturleg enn at skipet kunne takast vare på som museum i Fosnavåg, der det vart bygd, seier Leine, som er båtinteressert og sjølv jobbar i den maritime bransjen.

Detektivarbeid

Leine har drive detektivarbeid for å spore opp båten. På internett fann han fort ut at båten hadde fått namnet «Kan 403», men ikkje lenger var aktiv seglande under dette namnet. Nye eigarar hadde i 2006 nok ein gong skifta namn. Denne gongen til «HengAn», og dette var årsaka til at det var vanskeleg å finne båten.

Gjennom Norsk Skipsmeglarforbund fekk Leine så kontakt med Anders Engeset i Fearnley Offshore Supply, og han tok saka. Tilfeldigvis var det faren til Engeset som var meklar for salet av «Rig Pilot» til Kina i 1987.

Det blei raskt klart at båten sannsynlegvis var tapt, men Leine klarte ikkje å slå seg til ro og spurte nyleg om det var noko nytt om båten.

– Då kom nyheita om at båten var funnen, men seld til opphoggingsverft for få dagar sidan, fortel Leine.

Opphogging

Han fekk vite at om det blei handla raskt, var det likevel håp om å få reversert kontrakten.

– Men same dag kom oppdatering om at dei alt hadde gått i gang med opphogginga. Innreiinga var teken ut, og dei var i full sving med å fjerne plank på hovuddekk, samt kutte opp konstruksjonen for å kome til maskin og pumperom, seier Leine som også fekk tilsendt bildebevis. Bilda er tekne måndag og tysdag denne veka.

Propell

Leine innser at båten er tapt, men håpar originale gjenstandar frå båten kan bergast.

– Hadde vi hatt ein rik onkel, kunne vi nok ha fått båten berga, men no håpar eg vi i alle fall kan få tak i gjenstandar frå båten, som eit lite minne, seier den båtinteresserte herøyværingen.

Til dømes kunne det vore kjekt å få tak i gjenstandar frå brua. Og det hadde ikkje vore feil å ha ein propell frå båten utstilt i Fosnavåg.

«Rig Pilot» var første skip i ein serie på fem nokså like skip frå Voldnes. Ifølgje Leine gjekk «Rig Chief» ned etter ei grunnstøyting ved Haugesund i 1978. «Rig Mate» går i dag under namnet «Putford Apollo» som standby-skip i Storbritannia. «Ibis Sven» heiter «Ashe Elese» og går i Panama-området.

Berga flyktningar

«Rig Sailor» blei derimot seld til same reiarlag som «Rig Pilot» og skifta namn til «Kan 404». Meklaren prøver no å undersøkje kva som har skjedd med skipet, men mykje tyder på same lagnad som for «Rig Pilot».

«Rig Pilot» har ei spennande historie, fyldig omtalt i ein artikkel på norskolje.museum.no. Her går det fram at båten i 1987 tok på seg oppdraget å slepe ein stor gresk tankbåt til opphogging i Taiwan. Utanfor Cape Town fekk dei storm og miste slepet. Først to veker seinare fann dei båten att og slepte tankaren opp til Mauritiusøyane, med akterenden først. Utanfor Sør-Vietnam berga dei tolv båtflyktningar.

Sunnmørsposten har tidlegare skrive om båten. Og Norsk oljemuseum har ein fyldig artikkel om båten si historie som kan lesast her.