Av 11 produsentar som deltok gjekk Grytestranda Fiskeindustri og Arthur Engeseth til topps, melder Fiskeribladet Fiskaren.

– Det er ein gjev pris. Vi har deltatt mange gongar, men det er første gong vi vinn, seier Engeseth til avisa.

Prisen vart første gong delt ut i 2000. Årets pris vart delt ut under Midt-Norsk Fiskerikonferanse i Kristiansund.

Dagleg leiar Arthur Engeseth trur lang erfaring og linefanga fisk, kombinert med litt flaks, har vore viktig for at dei i år vann konkurransen.