Erna vil ha fleire til å sjå sollyset

Hareid-bedrift satsar på solcelleenergi og får støtte frå statsministeren om enklare reglar for å nytte solceller på større bygg. Det kan vere ein viktig marknad i framtida, trur Hareid Group.

Solceller Solcellepanel er eit satsingsområde for Hareid Group kunne konsernsjef Ronald Dyrhol fortelje statsminister Erna Solberg. Onsdag fekk han vise fram det nye administrasjonsbygget som i stor grad er sjølforsynt med energi.  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Statsministeren drog til bedrifta Hareid Group i samband med reisa der ho skal besøke områder i landet som er hardast råka av arbeidsløysa. På dagsorden på Hareid onsdag stod omstilling og satsing på grøn industri.

Bedrifta har om lag halvparten av omsetnaden frå maritim næring, men vil gjerne utvikle fleire bein å stå på. Levering av solcellepanel er mellom satsingsområda og dei har nyleg starta opp eit nytt selskap som jobbar med dette.

Nye reglar for private: Trur solceller blir allemannseige (krever inlogging)

Bedriftseigar tek utbytte til formueskatt:  – Ikkje nok med mi lønn og kjerringa sin pensjon (krever inlogging)

Statsministerbesøk hos arbeidsløse i Stavanger

Stavanger (NTB): Statsminister Erna Solberg (H) besøker denne uka deler av landet som er hardest rammet av økt arbeidsløshet. Mandag møtte hun arbeidsledige i Stavanger.


I stor grad sjølvforsynt

Konsernet på Raffelneset er i ferd med å ta i bruk eit nytt administrasjonsbygg med solcellepanel på taket. Erfaringane med bygget nyttar dei til å bygge kunnskap i bedrifta om solcelleanlegga dei vil selje - både til private og bedriftar.

Bygget er til tider sjølvforsynt med straum, men treng påfyll frå anna kraft nattetid og i kalde periodar.

Nytt bygg Statsminister Erna Solberg blei teke i mot av ordførar Anders Riise, Hareid Group-direktør Ronald Dyrhol og storeigar i konsernet, Bjørn Bjåstad, då dei ankom ved 11.30-tida. 

Bad om like reglar

Konsernsjef Ronald Dyrhol nytta mulegheita til å be statsministeren om betre vilkår på solcellemarknaden - eller rettare sagt - likare vilkår.

– Slik situasjonen er i dag, konkurrerer vi ikkje på like vilkår. Det er avgrensingar på kva mulegheiter vi har, påpeiker Dyrhol.

Ifølgje dagens reglar må nye bygg ha 60 prosent av energien dekka frå fornybar energi. Det nye bygget på 7500 kvadratmeter og med 1600 kvadratmeter solceller på taket, overstiger dette med klar margin. For å få nytte bygget som i dag, har bedrifta vore avhengige av ein dispensasjon frå kommunen.

For reglane er slik at bygg over 1000 kvadratmeter må ha vassbåren varme, og tilrettelaggjast for andre energiformer en elektrisitet. Det er ein regel Dyrhol meiner bør endrast, for å opne opp ein marknad dei gjerne vil ha ein bit av.

Automatisering Hareid Group har satsa på automatisering. Her forklarer lagersjef Knut Egil Hasund om ein ny lagerautomat. I den har dei like mange varer på 12 kvadratmeter, som dei tidlegare trengde 130 kvadratmeter til. – Utruleg effektivt, påpeiker Hasund.  Foto: Marius Rosbach

Lydhør Solberg

Statsminister Erna Solberg var lydhør for ønsket, og vil overtyde fleirtalet på Stortinget om at det bør vere korleis ting fungerer som betyr mest, og ikkje kva for teknologi som nyttast.  

– Eg meiner vi bør ha ein diskusjon om dette. No viser det seg at vi kanskje er vore litt for skeptiske til om Norge er landet for solenergi. Her viser dei jo at dei kan. Det er resultata som tel, og ikkje kva for teknologi ein brukar for å få det til. Eg håpar at desse døma kan vere med å skape forståing for eit slikt syn, seier Solberg til Sunnmørsposten.

­– Og tør ein satse på solcelleenergi på Sunnmøre, bør det være ein del andre stader ein kan satse, påpeiker Solberg.

Kunnskap Sjølve solcelleteknologien blir kjøpt inn. Målet til det lokalt eigde elektrokonsernet er å ha best mogleg kunnskap om korleis ein skal nytte energien effektivt.   Foto: Marius Rosbach

Negativt resultat

Solberg fortalde at ho generelt fekk tilbakemeldingar frå næringslivet om at det var tøffe tider, men at dette var noko dei hadde klart å kome seg gjennom tidlegare.

– Kva konkret er det bedriftene ber om?

– Bedriftene etterlyser mindre byråkrati og at vi har reglar som er gode på omstilling, seier Solberg og viste mellom anna til at ordningar som GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) også må ha mulegheit til å vere fleksible i perioder.

Veteran Erna Solberg fann tonen med tilsett og jamnaldring Brit Gurskevik.  Foto: Marius Rosbach

Tøffe tider er det også for det lokalt eigde elektrokonsernet med kring 560 tilsette. Hareid Group har om lag dobla omsetnaden dei siste fem åra.  Men for første gong på mange år måtte dei i fjor notere seg med eit negativ resultat.

Konsernet med firmanamnet Hareid Elektriske, har samstundes tent seg opp ein solid eigenkapital dei siste åra.

Lærling På si ferd gjennom det nye Hareid Group-bygget møtte statsministeren lærling i bedrifta Truls Sørnes.   Foto: Marius Rosbach

Nedlagde arbeidsplassar

Hareid er mellom kommunane som har fått dei kraftigaste smellene med nedlegging av Hjørungavåg-fabrikken til Rolls-Royce Marine. Førre veke kom også avgjerda om at Ekornes stansar Stressles-produksjonen i Hareid. Til samen utgjør desse nedleggingane kring 270 arbeidsplassar.

Ekornes legger ned sofafabrikken på Hareid

Ekornes har besluttet å samle dagens to Stressless-sofafabrikker i Sykkylven, skriver konsernet i en børsmelding. 70 ansatte blir berørt.


Til saman 135 personar var registrert ledige i Hareid førre månad. Det inneber ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og plasserer Hareid heilt i toppen mellom kommunar med høg grad av ledigheit i Møre og Romsdal. Berre Herøy hadde høgare registrert arbeidsløyse ved førre oversikt med 5,2 prosent ledige.