Tarjei Vassbotn har siste åra hatt ein toppjobb i Google. No flyttar han frå Silicon Valley og heim til Norge, der han har fått jobb i bergensbaserte Disruptive Technologies.

– Det er først og fremst dei enorme moglegheitene i dette selskapet sin teknologi som gjorde at eg ikkje kunne seie nei til jobben, seier Tarjei Vassbotn.

Kopla til internett

Fleire profilerte teknologiinvestorar har gått inn med kapital i Disruptive Technologies, med tru på at det kan vere ei god investering.

Med Vassbotn på laget vil selskapet styrke si vidare utvikling av teknologi som knyter tinga rundt oss til internett.

Vassbotn på si side held fram at det ikkje var vanskeleg å seie ja til jobben, med eit team som har nokre av dei fremste folka i verda innan fagfeltet.

– Og dette er ei unik moglegheit der eg både får utnytte kompetansen min og flytte heim til Volda, seier Vassbotn til Sunnmørsposten.

Han er framleis i California, men begynner i den nye jobben denne veka. Familien på fem har budd i utlandet i fem år, men tok nyleg over eit gammalt hus i Volda.

– Vi hadde ikkje tenkt å flytte heim enno, men med denne jobben var det berre å hive seg rundt, seier han og fortel at familien vil bu i Volda frå 1. august.

I Volda skal han bygge opp eit lite kontor, og han er på jakt etter å knyte til seg fleire folk, med den rette kompetansen.

Gjer som fleire enn 28.000 andre - lik smp.no på Facebook

Liten sensor

Gründer: Erik Fossum Færevaag med den revolusjonerande sensoren. Pressefoto

Selskapet han no skal jobbe for har utvikla ein sensor på storleik med eit frimerke, og det er denne teknologien det blir knytt store forventningar til.

Dei jobbar med å utvikle brukarvennlege løysingar for det som er venta å bli den neste store teknologibølgja, når stadig fleire av kvardagsaktivitetane våre kan bli kopla til internett.

– Å få Tarjei med på laget stadfestar at vi gjer noko rett. Og vi vil lykkast med å utvikle banebrytande løysingar for miniatyriserte trådlause sensorar, seier Erik Fossum Færevaag, som er grunnleggjar og administrerande direktør i Disruptive Technologies.

Ser frå heile verda

Ved hjelp av knøttsmå sensorar skal du kunne sjå frå Spania, eller andre plassar i verda, om inngangsdøra heime er open eller lukka.

Eit anna eksempel er at du kan legge ein sensor i ei pilleøskje til ei gammal dame og sjå om den blir opna. Og ein sensor i senga kan fortelje om senga er i bruk. Brukt på rett måte kan dette bli nyttig til dømes i framtidas eldreomsorg.Med ein sensor under eit måleri i stova vil ein også merke om nokon fjernar bildet.

Overvaking vil nokon seie, men Vassbotn seier at sikkerheit og privatliv har førsteprioritet når ein utviklar teknologien.

– Eg gler meg til å starte på oppgåva med å bygge eit solid lag som vil vere med og forme framtida, uttaler Vassbotn som er på jakt etter folk med rette kompetansen.

Alpinist

Selskapet Disruptive Technologies har hovudkontor i Bergen. Dagens Næringsliv skreiv i april at fleire toppinvestorar har gått inn i selskapet. Også alpinisten Aksel Lund Svindal er blant investorane.

Frå hausten vil dei ha 21 tilsette. Kvar folk har fysisk arbeidsplass betyr lite. Seks av dei jobbar i Bergen, fire i Trondheim, ein i Tyskland, ein i Danmark og resten i Oslo. Så skal Tarjei Vassbotn jobbe i Volda.

– Dette er fordi han vil bu i Volda. Planen er at han skal bygge eit team og få med ein til to tilsette der, seier Jarle Kvamme, finansdirektør og pressekontakt i Disruptive Technologies.

Les fleire nyheiter her