Dette melder Olympic Shipping i ei børsmelding onsdag.

Ifølgje avtalen skal det betalast renter på låna, men ikkje avdrag i tida framover til 16. september i år.

Normal drift

Selskapet med hovudkontor i Fosnavåg har 23 skip i flåten, ifølgje eiga heimeside.

Dei jobbar no for å finne ei langsiktig løysing, til fordel for alle interessentar.

I børsmeldinga blir det understreka at drifta held fram som normalt fremover, og ein er opptekne av å halde oppe høg grad av service til kundane.

Likviditeten i selskapet er stabil.

Jobbar for langsiktig løysing

Olympic Shipping er berre eitt av fleire reiarlag som er ramma av krise i bransjen og som jobbar med å finne løysingar for tida.

I arbeidet med å finne ei langsiktig løysing nyttar Olympic Shipping Fearnley Securities og EY som finansielle rådgjevarar og Wiersholm som juridisk rådgjevarar, ifølgje børsmeldinga.