Dei tilsette på Kleven skal torsdag ettermiddag samlast i samband med «storfint» besøk på verftet. Etter det smp.no erfarer, dreiar det seg om offentleggjering av kontrakt med Hurtigruten.

Til trass hektisk byggeprogram var det onsdag vaske og ryddeaktivitetar ved Kleven-verftet i Ulstein.

Pressa blir invitert

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven ville onsdag ettermiddag ikkje stadfeste at det dreiar seg om Hurtigrute-kontrakt, men smp.no kjenner til at det er planar om å invitere pressa til seansen mot slutten av arbeidsdagen torsdag.

– Du veit korleis det er med kontraktar. Vi har ikkje noko å seie, før vi har noko å seie. Og i dag har vi ikkje noe å seie, var det einaste Kvalsund hadde å seie til alle spørsmål kring kva som skal skje - og om det var Hurtigruten som kjem på besøk.

Avtalefrist utsett

Fristen partane sette for å bli einige blei først sett til 16. juni, før den blei utsett til 29. juni, same dag Kleven-tilsette var samla til skipsoverlevering i Geiranger.

Rolls-Royce-design

Fartøya er designa av Rolls-Royce i samarbeid med den norske yachtdesignaren Espen Øino. Det blei offentleggjort skisser av skipa i april, men den endelege utsjånaden var ikkje 100 prosent ferdig før sluttforhandlingane tok til.

Skipa Hurtigruten ønskjer å bygge, skal ha plass til 300 lugarer og 600 passasjerer. Dei skal kunne gå både som ekspedisjonsskip i polare farvatn og som ein del av flåten langs kysten, opplyste partane då.