I vår måtte Plany tilsette fleire etter ein rekordordre på luseskjold til oppdrettsanlegg hos Marine Harvest. Dermed var det ikkje lenger nok med dei 17 fast tilsette i bedrifta.

No har Plany også fått ei rekke ordrar på ferskvassbasseng til oppdrettsnæringa. Ein ny versjon av bassenget har gitt det bedrifta kallar ein ordreboom.

– På dette området har vi no fylt opp ordrebøkene for ei god stund framover, seier Kenneth Brandal, som er sals- og marknadssjef i Plany.

Ferskvatn

Det blir brukt stadig meir ferskvatn til avlusing av oppdrettsfisken, og i behandlinga av gjellesjukdommen AGD.

Med eit ferskvassbasseng har havbruksnæringa store mengder ferskvatn lett tilgjengeleg. I staden for å bruke eit døgn på å fylle brønnbåten, kan båten fyllast på ein times tid.

Plany har også utanlandske bedrifter på kundelista. Til saman har dei no selt 30 ferskvassbasseng.

– Vi går no to skift, og har sju-åtte midlertidig tilsette. Dersom vi lukkast vidare framover, vil vi vurdere fleire fast tilsette, seier adm.dir. Gunnar Larsen til smp.no.