– Vi er overraska fordi Torghatten tilbaud både strukturelle og avbøtande tiltak. Vi trur også bransjen er overraska fordi ein har trudd at det var muleg å gå frå fire til tre ferjeselskap, noko som mellom anna låg i botn då Fjord1 inngjekk fusjonsplanar med Norled i fjor, seier Følling til smp.no.
Dette var ein samanslåing som fylkespolitikarane stemte ned.
Les også: Legger ned forbud mot Fjord1-salg
Ankefrist
Partane har 15 arbeidsdagar på seg til å vurdere ei anke i saka, som Konkurransetilsynet stilte seg skeptisk til allereie i mai.
Følling hadde tidleg torsdag ikkje lest vedtaket frå tilsynet på nær 70 sider, men seie de vil sjå på dokumenta før dei tek stilling til kva dei skal gjere.
– Vi vil gå grundig gjennom vedtaket og sjå kva som ligg i det. Så må vi ha eit møte over ferien og avgjere kva som blir vegen vidare, seier ho.
Ho peiker på at det er fylkesutvalet som handterer eigarskapet i Fjord1, og at dei difor må samlast så snart som råd.
Rettssak?
Den andre storeigaren i Fjord1, Havilafjord, førebur seg på kamp i rettssalen mot fylkeskommunen for å få hand om aksjane. Til Sunnmørsposten torsdag gir Havilafjord-eigar Per Sævik uttrykk for at det no er fylkeskommunen som har ballen, for å ta initiativ til ei anna løysing.
Sævik om Fjord1-forbud: – Ein delsiger (krever innlogging)
Følling vil ikkje kommentere dette, og viser til at det er fylkesutvalet som må handsame saka.
Blei ikkje åtvara
– Viser dette at råda fylkespolitikarane fekk frå dei mykje omtala rådgjevarane, ikkje heldt mål?
– Ein slik transaksjon må uansett gå gjennom Konkurransetilsynet, og et trur ikkje nokon kunne spå kva dei ville kome fram til. Difor måtte vi berre vente å sjå. Men vi fekk ikkje noko råd som sa at vi ikkje kunne gå vidare med salet, seier Følling.