Sjå dei første bilda frå innsida:

Superyachten frå Kleven er lagt ut for sal

Er du på jakt etter ein feriebåt og gjerne vil ha noko lokalbygd?

Overlevering Her er Ulysses avbilda ved Flø i Ulstein etter at yachten drog frå Kleven. Sidan har den vorte lysare i skroget og fått om bord alt utstyret.   Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Yachten Ulysses som blei bygd ved Kleven verft i Ulstein, er no lagt ut for sal.

Den 107 meter lange ekspedisjonsyachten til den milliardæren Graeme Hart er lagt ut på nettstaden Fraseryachts.com. På annonsen får offentlegheita for første gong ta ein kikk inn i det heilt spesielle fartøyet.

Her reiser superyachten frå verftet

Meklar Stuart Larsen opplyser til smp.no at han ikkje har løyve til å la media bruke bilda, men du kan sjå dei ved å følgje lenka under.

For sal Skjermdump frå nettsida til meklaren som sel Ulysses.  

 

Luksuriøs og velutstyrt

Det er tidlegare kjent at yachten som er utstyrt for 60 personar, har ein mannskapsdel som på eit offshore-skip og ein passasjerdel. 

Bilda viser alt frå den luksuriøs innreiinga med «vinkjellar» og flotte bad, til  «utstyrsgarasjen» med fleire jeepar og nokre motorsyklar og vasskuterar.

Skipperen kan styre yachten frå ein såkalla «unified bridge» levert frå Rolls-Royce Marine, truleg den eineste i privat eige. I tillegg får vi ein titt ned i maskinrommet.

Her kan du sjå yachten frå innsida (ekstern lenke)

Prisspekulasjonar

Det er ikkje sett noko pris på fartøyet, og byggekostnaden er heller ikkje vorte kjend. Men det har vore opplyst at den ligg i farvatnet som eit mellomstor plattform supplyskip - med andre ord 300 til 400 millionar kroner.

Samstundes har det vore spekulert i at den reelle prisen medrekna alt utstyret om bord, ligg godt over ein halv milliard.

Luksusyacht sjøsett frå Kleven

Andre yacht Kleven leverer til milliardæren Graeme Hart frå New Zealand.

Forretningsmannen frå New Zealand vil truleg ikkje lide nok naud på sjøen, sjølv om han no kvittar seg med Ulysses. Hart har nemleg ein yacht nummer to til bygging ved Kleven, og som er enda litt større - 116 meter. Det er Marin Teknikk i Herøy som har designa både Ulysses og den nye yachten.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no