«Ronja Ocean» frakta til verft

Nok eit skrog er frakta inn til Myklebust Verft Kleven i Sande for utrusting.

Mannskapet på slepebåten «Hugin» har lagt ut denne videoen av slepet inn til Myklebust Verft.

Næringsliv

Det er Sølvtrans sin brønnbåt «Ronja Ocean» med 3.200 kubikkmeter lastekapasitet som har kome.

Sjå youtube-video over, lagt ut av mannskapet på slepebåten «Hugin».

Slepebåtane «Hugin» frå Ulsteinvik og danske «Frigga» stod for slepet frå verftet i Gdynia i Polen.

– Båten er ikkje den største, men den er blant dei største, seier Edvard Vågnes, teknisk sjef i Sølvtrans. Hos Sølvtrans er «Ronja Polaris» og «Ronja Huon» av den storleiken.

«Ronja Ocean» skal overleverast neste år. Ein søsterbåt er også under bestilling, for levering neste år. Sølvtrans-konsernet disponerer 19 brønnbåtar.


Storstilt feiring og båtdåp på Sandsøya

Det var i anledning 30 årsjubileum til reiarlaget Sølvtrans at det laurdag vart arrangert feiring og båtdåp.



Sølvtrans kjøper konkurrent

Sølvtrans AS har inngått en avtale om kjøp av Bømlo Brønnbåtservice AS og Bømlo Holding AS.