Sebastian etablerer seg i Kina

Rådgjevings-firmaet Sebastian AS i Ulsteinvik startar selskap i Shanghai i Kina.

Dagleg leiar i Sebastian China, Yong Jiang, og dagleg leiar i Sebastian AS ser lyst på mulegheitene i Kina. Pressefoto 

Næringsliv

– Dette er tida for å satse, skriv dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy i ei pressemelding.

Firmaet har spesialisert seg på sikkerheitsanalysar for avanserte offshoreskip og mobile offshoreinstallasjonar. Slike fartøy har behov for å ligge heilt i ro ved hjelp av såkalla dynamisk posisjonering.

– Til meir avanserte fartøya er, til kjekkare er det for oss, seier Bjøringsøy og forklarer nærare:

– Den største utfordringa for eit skip er å kunne ligge heilt i ro også etter at det har oppstått ein feil.

Minus-resultat

I tillegg til dette tilbyr bedrifta generelle ingeniør- og konsulenttenester for offshore-bransjen. Sebastian AS vart etablert i 1994 i Ulsteinvik og har i dag åtte tilsette.

Etter fire år med overskott, enda resultatet før skatt på minus ein halv million i siste offentlege rekneskap frå 2014. Omsetninga har dei siste åra vore på om lag 15 millionar (sjå nøkkeltal til høgre - under om du les på mobil)

Shanghai

No vil dei inn i den kinesiske marknaden og etablerer seg i Shanghai. Saman med kinesiske partnarar har dei etablert selskapet Sebastian China Co, Ltd. Føretaket skal i første omgang få fire-fem tilsette.

–  Her vil vi drive både salsaktivitet og operativt arbeid, konsulenttenester og testing om bord i båtar. Sebastian China har ansvar for Kina, Hongkong, Macau og Taiwan, opplyser Bjøringsøy.

Mannen som skal leie kontoret, Jiang Yong, er på plass.

– Det var kinesarane som tok kontakt med oss. Men det er ein medviten strategi i Sebastian at vi skal ut. Kina er eit stort og folkerikt land – og ein enorm marknad. Det er mange som byggjer båtar der. Vi har sett at fleire store konkurrentar har etablert seg i landet, og då må vi følgje opp, seier Bjøringsøy.

Også i Brasil

I mars 2015 oppretta Sebastian kontor i Rio de Janeiro, Brasil. Der har bedrifta tent pengar. Overskotet er ikkje stort, men Bjøringsøy er nøgd med bakgrunn i at mange norske aktørar har tapt pengar i landet det siste året.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Næringsliv