Seinare levering for ny Kleven-yacht

Milliardæren har ønskja ei rekkje endringar.

Næringsliv

(sjå video frå sjøsettinga av yachten over)

Den 116 meter lange nye yachten som Graeme Hart har under bygging ved Kleven i Ulstein blir ikkje levert før i haust. Planen var i utgangspunktet at ekspedisjonsyachten skulle leverast i juli, men dette har vore utsett.

– Årsaka er at det har vore ei rekke endringar, noko som både er vanleg og omtala i kontrakten. Det er avtalt seinare levering grunna fleire oppgåver med bygget, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven til smp.no.

Han vil ikkje utdjupe kva for endringar den newzealandske forretningsmannen har komen med. Yachten blei sjøsett frå Kleven tidlegare i år, og ligg no til kai ved verftet for utrusting.

Den ni meter kortare søsteryachten Ulysses som no er lagt ut for sal, blei levert til avtalt tid sommaren 2015.

Sjå dei første bilda frå innsida:

Superyachten frå Kleven er lagt ut for sal

Er du på jakt etter ein feriebåt og gjerne vil ha noko lokalbygd?


Her reiser superyachten frå verftet