Samanslåinga med Volda

Høgare arbeidsgjevaravgift for Hornindal

Det kan bli dyrt for næringslivet i Hornindal når kommunen blir slått saman med Volda kommune.

Ekornes Grodås møbelfabrikk.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Medan Hornindal har arbeidsgjevaravgift på 10,6 prosent, har Volda ei avgift på 14,1 prosent.

Når kommunen blir slått saman med Volda, betyr det større utgifter for næringslivet.

For Ekornes på Grodås blir meirkostnaden på 1,1 million kroner, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Vi registrerer at det er høgare arbeidsgivaravgift på Møre-sida, og det er noko vi må diskutere. Vi vil ha best mogleg konkurransevilkår for våre bedrifter, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, til nettstaden.

Staten har tenkt å gjennomgå arbeidsgjevaravgifta i 2021, eitt år ettr at kommunereformen skal vere gjennomført.