Mustad held stand som ein dominerande aktør når det gjeld å levere utstyr til lineflåten. Under fiskerimessa Nor-Fishing signerte selskapet kontrakt for levering lineanlegg til Ervik Havfiske sine to nybygg.

– Dette er vore største einskildkontrakt nokon gong, seier styreleiar Hans Mustad i Mustad AS.

Men han vil ikkje seie kva det er snakk om i kroner og øre.

Størst i verda

– Ervik Havfiske har vore ein trufast kunde. Det er det største linebåtrederiet i verda, og det mange som følger med på kva dei gjer, seier Mustad.

Ervik Havfiske byggjer ein ny «Nordic Prince» og ein ny «Argos Georgia». Det skjer i Tyrkia, men med design frå Marin Teknikk i Herøy. Begge båtane skal i utgangspunktet fiske på djupt vatn i Sørishavet. Då gjeld det å ha utstyret i orden.

– Lineanlegget er det viktigaste vi har om bord. Dersom ikkje det funkar, so kan du ha så fin messe som du berre vil, seier Stig Ervik i Ervik Havfiske.

Meir frå Nor-Fishing:

- Smiler heile vegen til banken

Miljøpris til Giske-rederi

Håpar på fleire

Dei to lineanlegga har ein kapasitet på 60.000 krok kvar, og har mellom anna hydraulisk lagringssystem.  Mustad håper no på fleire nybygg i lineflåten.

– I fjor kom den nye «Leinebris» og snart med Ervik med to nye autolinebåtar. Eg trur det er fleire på gang, seier styreleiar Hans Mustad i Mustad AS.