I mange år var lakseprisen og torskeprisen nokså like. Så skaut lakseprisen i vêret, og nådde eventyrlege høgder.

– Kvifor får du 60 kroner kiloet for ein laks, og kanskje halvparten så mykje for torsk? Jau laksesektoren har klart å utvikle nye marknader, sa konsernsjefen i Norway Seafoods, Thomas Farstad, på Nordea og Norges Sjømatråd sitt tradisjonelle marknadsseminar i tilknyting til fiskerimessa i Trondheim.

Sunnmørsposten på leiarplass: «Må styrke fiskeribyen Ålesund»

Også torskeprisen har stige, men i langt mindre grad enn laksen.

– Det har vore ein valutadrive prisoppgang. Kvitfisk er ekstremt eksponert mot valuta. Men valuta har den eigenskap som venn at den er lite trufast. Vi må spørje oss kva vi verkeleg har oppnådd i marknaden dei siste åra, sa Thomas Farstad.

Konsernsjef: Thomas Farstad, Norway Seafoods

Både han, og ikkje minst, økonomiprofessor Frank Asche heller kaldt vatn i blodet på dei som drøymer om at torskeprisane skal gå i taket, og bli der.

40 kroner?

Kan vi få 40 kroner kiloet for torsken? Dette var tittelen til innlegget til økonomiprofessor Frank Asche frå Universitetet i Stavanger.

– Ja, sjølvsagt er det mogeleg, men eg er svært tvilande til at det vil skje i overskodeleg framtid, svara professoren.

– Det er mogeleg og til og med sannsynleg å få 40 kroner kiloet for torsk, men då må vi betene dei marknadane som betaler mest, sa Ashe, og peika på kva det vil føre med seg.

– Vi må stabilisere landingane, og mottaka må vere lokaliserte slik at dei kan handtere så store kvantum at ein kan utnytte moderne logistikk, sa han.

Les fleire saker frå fiskerimessa Nor-Fishing.

Det vil mellom anna seie store mottak i meir sentrale strok enn i dag, og eit fiskeri som er langt mindre prega av sesongfiskeriet nordpå om våren, samt fiske med større båtar.

– Slik kvitfisksektoren er lagt opp i dag inneber det ei subsidiering på minst fem kroner kiloet, som vert overført frå flåteleddet til landsida. Men eg trur ikkje på endringar fordi ønsket om å bevare den tradisjonelle strukturen er sterk, sa Frank Asche.