Sett Sjøbein, som vert leia frå Ålesund, er sjømatnæringa sitt prosjekt for rekruttering og kompetanseheving.

I år samarbeider Sett Sjøbein med ein annan organisasjon som jobbar mot ungdom og utdanning, nemleg Ungt Entreprenørskap.

Saman skal dei arrangere den landsomfattande oppfinnarkonkurransen, «Ringer av vann- sjømat for fremtiden.»

– Målet er å få unge til å sjå mulegheitene i sjømatnæringa, seier Helge Gjørven i Ungt Entreprenørskap.

Eit tvangsekteskap

Samarbeidet mellom Sett Sjøbein og Ungt Entreprenørskap er eit initiativ frå Nærings- og fiskeridepartementet.

– Det er eit tvangsekteskap som vi er veldig glade for, seier Janita Arhaug, leiar i Sett Sjøbein.

Førre veke var dei som står bak konkurransen på Nor-Fishing for å knyte kontaktar, og for å presentere prosjektet for bransjen.

– Vi vil engasjerte fiskerinæringa, slik at dei kan kome inn i skulen med sin kunnskap. Vi ser til dømes for oss at det vert lagt til rette for besøk på fiskebåtar og lokale sjømatbedrifter, seier Janita Arhaug.

Målet er at 3.500 lærlingar/elevar frå heile landet skal delta i konkurransen, som vert arrangert med region eller fylkesfinalar, og ein nasjonal finale under Sjømatdagane på Hell.

Får utfordringar

Dei unge vert utfordra på fleire konkrete punkt, mellom anna til å utvikle idear til fiskefôr, å finne løysingar på miljøproblema til sjømatnæringa og å finne på noko som får fleire unge til å ete sjømat.

Sjømatomgrepet er også utvida til å omfatte opplevingsbasert reiseliv med tilknyting til sjøen.

– Her er det ope for det meste. Elevar på mat og restaurantfag kan bidra med sitt, og dei som tar tekniske fag kan bidra på sin måte, seier Janita Arhaug.

Startskotet for konkurransen blir i løpet av dei første haustmånadene.

– Og kva blir premien?

– Det er hemmeleg førebels, seier Janita Arhaug.