Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane:

Godkjende sal av Fjord1-aksjar til Sævik

Eit samla fylkesutval har godkjent salet av aksjar i Fjord1 AS til Per Sæviks Havilafjord AS.

FYLKESUTVALET Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen (t.v.) under møtet onsdag.   Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Næringsliv

Eit samla fylkesutval har røysta for å godkjenne sal av aksjar i Fjord1 AS til Havilafjord AS. På fredag 26. august skjer det endelege vedtaket i fylkestinget, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå ein majoritetspost til ein eigardel på 33 prosent.


Det er vidare lagt opp til at resterande aksjar kan verte selde innanfor ein påfølgjande opsjonsperiode på vel 2 år.

Kjøpssummen frå Havila-konsernet er på 1,065 mrd. kr.


Vil betale 1,065 milliardar for Fjord1

Havilafjord og Per Sævik vil betale 1,065 milliarder for Fjord1-aksjane. Onsdag er fylkesutvalet samla for å seie si meining.

 

Saka går no vidare til møte i fylkestinget der endeleg vedtak vert gjort 26. august, heiter i det meldinga.