Det er Sysla.no som skriv at LMG Marin er seld for 20 millionar dollar, noko som svarar til 170 millionar kroner. Kjøparen den største kunden til selskapet, Sembcorp Marine i Singapore.

Styreleiar Geir Kjersem var største eigar i LMG Marin, med 42,9 prosent. Ifølgje Sysla.no tener ha dermed rundt 72 millionar på salet.

– Sal av selskapet endrar ikkje noko på brusida, anna enn at vi no har fått ein sterk partnar. Vi vil jobbe vidare på same måte med flytebruer, seier Kjersem til Sunnmørsposten.

Sembcorp eig ifølgje Sysla.no fleire verft i Singapore, India, Indonesia, Storbritannia og Brasil.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no