Skatt Midt-Norge har kravd Emerald Fisheries AS i Fosnavåg konkurs. Tysdag møttest partane i Søre Sunnmøre tingrett, der kravet skulle behandlast.

Skatteetaten meiner selskapet som eig krillfiskebåten «Juvel» er konkurs, men under møtet i retten gjekk dei med på å gi selskapet tid til å rydde opp.

Søre Sunnmøre tingrett fastsette prisen: Får 25 millionar for krill-aksjar

Del av Olympic-konsernet

Emerald Fisheries inngår i Olympic-konsernet i Fosnavåg, med Stig Remøy som eigar. Ifølgje Skatt Midt-Norge har dei ikkje betalt inn moms sidan 17. april i fjor. No skuldar dei vel 13,2 millionar kroner, inkludert forseinkingsavgift og omkostningar.

Momskrav Kjell Storholm var Skatt Midt-Norge sin representant i retten. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Advokat Arild Gjelsvik avviste i retten at selskapet er insolvent.

– Det er på det reine at det er ein anstrengt likviditetssituasjon, men situasjonen er forbigåande, sa Gjelsvik.

Har varsla betalingsstans

Ifølgje Gjelsvik er det varsla betalingsstans til kreditorane. Den vanskeleg økonomiske situasjonen har årsaker som er utanfor selskapet sin kontroll.

«Juvel» verd ein halv milliard

Advokaten trekte fram at 2014 var det han kalla for eit normalt driftsår, der selskapet fekk eit driftsresultat på 60 millionar kroner.

Rekneskapen for i fjor er ikkje offentleg enno, men ifølgje Gjelsvik er «Juvel» bokført med ein verdi på 538 millionar kroner.

Skatt Midt-Norge går no med på at selskapet får meir tid på å rydde opp. Så lenge partane er einige om dette, hadde retten heller ingen invendingar. Nytt rettsmøte er beramma til 19. september.

Følg næringslivet på Nordvestlandet på NV24