Havyard bikka milliarden - ser lyspunkt i 2018

Utfordringar med å halde aktiviteten oppe ved verft i Sogn neste år.

Sikra kontrakt Havyard sikre seg nyleg kontrakt på eit fleirbruksskip med eige design i ein tøff marknad. Teikning: Havyard Design & Solutions 

Næringsliv

Havyard Group leverte pluss i rekneskapen for 2. kvartal, men ser utfordringar med å sysselsette verftet i Leirvik det komande året. Aktiviteten ved verftet er venta å vere låg det neste året.

– Utsiktene for 2018 er likevel tre-fire leveransar, som vi forventar vil vere standarden for dei komande åra, skriver styret i kvartalsrapporten.

Skipsbygginga ved verftet står for om lag sju av ti kroner på inntektssida i konsernet.

Driftsresultatet for halvåret enda på 48 millionar kroner frå ei omsetning på 1.008 millionar. Resultatet før skatt enda på 46 millionar kroner, ifølgje børsmeldinga.

Konsernet leverte eit driftsresultat på 29 millionar kroner i kvartalet frå en omsetning på 548 millionar kroner. (saka held fram under)

 

Per Sævik om offshorekrisa på Sunnmøre:

– Har skyld i dette selv

– Vi ble fartsblind og mistet respekten for lån i milliardklassen. Det sier nestoren i offshore supply, Per Sævik. Han tar nå et knusende oppgjør med byggeboom og gjeldsspiralen i supplynæringen de siste 10 årene.

Konsernet reknar med god aktivitet i segmenta med vindservicefartøy, oppdrett, fiskeri og isbrytarar, men påpeikar at dei opplever auka konkurranse og lågare marginar.

Ordreboka utgjer ved utgangen av kvartalet 1,5 milliardar, og om lag to tredelar av dette er arbeid som leverast i løpet av året.

Havyard har fått ei langsiktig løysing på plass økonomisk, etter at dei fekk utsett betalinga på eit obligasjonslån til desember 2018. Delar av lånet skal gjerast om til aksjar.