– Vi opplever ein fin vekst og utvidar produksjonsstaben med to personar, samt at vi treng ein til på lageret. Vidare skal vi erstatte ein kantinemedarbeidar. Til saman blir det fire tilsettingar, seier Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik AS.

I tillegg til å levere stoff til mange møbelprodusentar i Norge, opplever dei vekst i eksporten. No er det over 50 prosent av stoffet som dei lagar i Innvik som hamnar i utlandet.

– Vi har gått saman med danske Kvadrat AS, og har fått tilgang på ein global marknad.

Innvik AS omsette i fjor for 46,8 millionar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 3,6 millionar. Dei har i dag 45 tilsette.