Stryvo Group i Stryn

Stryvo leverte kjempe-filter

Takka vere Stryvo si nye djupvasskai i Vanylven, kunne dei montere og skipe ut det 26 tonn og rundt 8x7x6 meter store oljefilteret frå eiga kai.

Strategisk Denne pakken gjekk ikkje gjennom tunnelar. Stryvo inngjekk nyleg leigeavtale av det gamle verftsanlegget på Fiskåholmen i Vanylven. Den 8x7x6 meter store prosesspakken er no skipa ut til bruk på Heidrunfeltet.  Foto: Stryvo

Næringsliv

Nyleg inngjekk Stryvo i Stryn ein leigeavtale av det tidlegare verftsanlegget på Fiskåholmen i Vanylven. Dermed kunne dei tilby leveransar av betydeleg større konstruksjonar enn tidlegare.