Har aldri tent meir pengar

Fjord1 har levert det beste halvårsresultatet i selskapet si historie.

Fjord1 hadde i fjor et svært godt økonomisk resultat. Det er store verdier som står på spill når fylkespolitikerne i Sogn og Fjordane nå fortsetter salgsprosessen.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Det kjem fram i ei pressemelding fredag morgon. Resultatet før skatt er på 150,9 millionar kroner for årets seks første månader. Same periode sist år var resultatet 31,1 millionar, noko som gir ei forbetring på 120 millionar kroner.

Selskapet listar opp betra vilkår i enkeltkontraktar og lågare olje- og finanskostnader som dei viktigaste årsakane til forbetringa.

- Fjord1 har vore gjennom ei omstilling over fleire år som har gitt betre kontroll på kostnadane, seier konst. adm. dir Andrè Høyset i Fjord1.

Resultatet før skatt for heile 2015 var på 212 millionar kroner.


Nøkkeltal i mill. kroner per 2. kvartal (1. halvår 2015 i parantes):

Omsetning: 1.138 (1.085)

EBITDA: 267 (174)

Driftsresultat: 163 (71)

Resultat før skatt: 151 (31)