«Juvel» i arrest

Krillfartyet «Juvel» er tatt i arrest i Danmark, melder Nett.no.

ARKIV. Krillfartøyet «Juvel» i Sørishavet.  Foto: Olympicseafood.com

Næringsliv

Stig Remøy sitt krillfiske-selskap, Emerald Fisheries, skuldar 13 millionar kroner i moms.

Selskapet har engasjert finansrådgjevarar og jobbar for å finne ei løysing, parallelt med dialog med bankane. Målet har vore å oppnå semje mellom Emerald Fisheries og Skatt Midt-Norge innan i dag 15. september.

Dette kjem i det som er ei skjebneveke for Olympic Shipping.

I dag vart krilltrålaren tatt i arrest i Hjørring i Danmark, etter rettsavgjerd i byretten i Hjørring, skriv Nett.no.

Nytt rettsmøte i Søre Sunnmøre Tingrett er fastsett til 19. september.

- Er kjent med arresten i Danmark og respekterer den. Styret jobbar med langsiktige løysingar, skriv Stig Remøy i ein kommentar til Sunnmørposten.

Stig Remøy-kontrollerte Olympic Holding eig 90 prosent av Rimfrost, som igjen eig Emerald Fisheries.

Oppdatering: Rettsmøtet i tingretten er utsett til 20. september.