Torsdag blei det offentleg at Rem Offshore tek tre nye skip i opplag. Det gjeld:

  • Rem Supporter

  • Rem Server

  • Rem Mermaid

Frå før har selskapet fire skip i opplag.

– Vi har beslutta å legge tre skip i opplag. Det er tre PSV-skip (supplyfartøy), seier administrerande direktør Arild Myrvoll.

– Det er sjølvsagt ufatteleg kjedeleg å gå ut med slike nyhende. Men dessverre er marknaden slik som han er, og det må vi ta konsekvensane av. Vi såg ikkje andre alternativ.

Rem Supporter og Rem Server blir tatt ut umiddelbart, medan Rem Mermaid framleis går på ei kontrakt og blir lagt i opplag når kontrakten er avslutta seinare i haust.

– Tung avgjerd

– Kva konsekvensar får dette?

– Det får først og fremst konsekvensar for dei tilsette, seier Myrvoll.

Han har ikkje nøyaktige tal på kor mange det gjeld, men anslår 70-80 tilsette totalt.

Kva er planen for desse?

Intensjonen er å permittere dei. Vi vil sjølvsagt også prøve å flytte over tilsette til andre skip der vi har moglegheita til det, seier han.

Fusjon

Avgjersla har ingen ting å gjere med fusjonen med Solstad, seier Myrvoll.

Når det gjeld den endelege gjennomføringa av fusjonen, så er det første som står på planen ekstraordinære generalforsamlingar i selskapa den 10. oktober. Då skal fusjonen formelt vedteke.

– Så skjer den endelege gjennomføyringa i månadsskiftet november-desember, seier Myrvoll.