Få timar før «Ronja Ocean» vart sjøsett frå Myklebust Verft, kunngjorde Sølvtrans at dei har inngått ein femårsavtale for brønnbåten. Båten vart sjøsett fredag ettermiddag.

Kunden er Oppdretternes Miljøservice AS i Nord-Trøndelag, som er eit samarbeid mellom fleire oppdrettarar. «Ronja Ocean» blir den fjerde brønnbåten som Sølvtrans leiger ut på langtidsavtale til dette selskapet.

100 prosent dekning

Den siste tida har Sølvtrans signert kontraktar på alle dei fire båtane som er under bygging.

Den andre båten under bygging ved Myklebust Verft, «Ronja Diamond», blir levert i september neste år. Her har Sølvtrans allereie skrive kontrakt med eit selskap i Chile, skriv Vestlandsnytt.

«Ronja Supporter», som blir bygt ved Aas Mek. i Vestnes, skal på langtidskontrakt i Skotland. Den fjerde båten, «Øystrand», skal til Bømlo-området.

Skryt av nybåten

Dagleg leiar i Oppdretternes Miljøservice, Gudbrand Sørheim, skryt av båten som vart sjøsett fredag ettermiddag.

– Den nye kapasiteten gjer det mogleg for oss å møte utfordringane og veksten våre eigarar står over for i åra som kjem, «Ronja Ocean» er eit framtidsretta, effektivt fartøy, blant anna med ein unik og miljøvenleg teknologi innan ferskvassbehandling, skriv Sørheim i ei pressemelding.

Sølvtrans har no 19 brønnbåtar i drift og fire båtar under bygging for levering i år og neste år.

90 prosent av båtane er sysselsett på lange kontraktar, på mellom to og åtte år.

Sølvtrans hadde i vår ein stortilt 30-årsfest på Sandsøya, der Ålesund-selskapet har sitt utspring.