Olympic shipping skal i tida framover seie opp 60 tilsette. Oppseiingane rammar både sjøfolk som har jobb på offshorebåtane til selskapet og folk som jobbar i administrasjonen.

– Førebels har vi for vår del ikkje fått så mange tilbakemeldingar, men det er klart at dette er svært leit, både for dei tilsette så vel som for selskapet. Det at inntil 60 personar kan kome til å miste jobben gjer også at det er mange familiar som blir råka, seier Marius Bergseth, hovudtillitsvald for dei av dei tilsette som er organisert i Det norske maskinistforbund.

Reiarlaget som framleis er i forhandlingar med kreditorar for å få på plass ei løysing for å betene gjelda, har også ein hovudtillitsvald både for Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund.

Island Offshore: Permitteringsvarsel til 30 ansatte

Vard: Gigantskip snart tre måneder forsinket (krever innlogging)

Vil vere ryddig

I hovudsak er det tilsette i offshoreflåten som blir oppsagde, men det vil også bli kutt i administrasjonen i Fosnavåg og i Rio de Janeiro.

I tillegg til oppseiingane er det fare for fleire permitteringar i selskapet.

– Ingen har så langt fått beskjed om at det vil gjelde dei. Dette er ein lang prosess, og vi er opptekne av at det skal vere ryddig og skikkeleg. Og vi vil ha tett dialog med tillitsvalde, seier Vegard Knardal, HR og kvalitetsdirektør i Olympic Shipping.

Fra heile kysten

Han fortel til Sunnmørsposten at selskapet har tilsette frå alle land i Skandinavia og frå heile norskekysten. Over 200 er frå Møre og Romsdal.

– Mange familiar blir råka. Dei tilsette fekk melding om nedbemanninga onsdag.

Ansiennitet og kompetanse i reiarlaget vil ligge til grunn for kven som må gå.

– Vi har tilsette frå Alaska til Manilla, og vi har informert dei på epost og sms. Vi har også god kommunikasjon med tillitsvalde, seier Knardal.