Byggjer ny fiskebåt

Reiarlaget Veidar på Godøya satsar for framtida og byggjer ny fiskebåt. Flekkefjord-verftet Simek har fått jobben med å byggje båten.

Nybygg Reiarlaget Veidar AS frå Godøya har bestilt ny fiskebåt som skal byggjast i Flekkefjord. Skipet er designa av Rolls-Royce. 

Næringsliv

Veidar AS frå Godøy har inngått kontrakt med Simek AS i Flekkefjord for bygging av ein 55,5 meter lang garn- og linebåt.

Båten skal leverast i desember 2017.

Skrogmodular frå Polen

Verftet melder at skrogmodular vil bli bygd i Polen. Stålseksjonane blir så frakta til Flekkefjord på lekter i løpet av sommaren 2017. Montering vil starte opp på hausten og sikre sysselsetting ut året ved verftet.

Skipet er under utvikling av Rolls-Royce i nært samarbeid med reiarlaget. Design er NVC 306.

Vekt på trivsel

Fiskebåten blir innreidd for totalt 25 personar, fordelt på 16 lugarar.

Det vil bli lagt stor vekt på at innreiinga skal tilpassast slik at mannskapet skal trivast om bord, melder verftet.